Vi2

Vi2 er ein duo som består av Einar Jakobsen, keyboard, trekkspel og sang, og Agnar Gjelsvik, gitar og sang. Duoen har base i Førde og reiser rundt i heile Sogn og Fjordane, og spelar på store og små arrangement. Dei 2 har spela i lag sia 1992, og er etter kvart kjent rundt i heile fylket. Musikalsk blanding av god dansemusikk, frå gamaldans, joik, barnesangar til pop og rock, alt etter kva publikum vil ha. Dei heile blir levert med god lyd og godt humør.

Vi2 tar på seg det meste av oppdrag; bryllup, jubileum, bursdagar, trubadurar, blåturar, dans, underhaldning m.m. (Ring for referansar)

Vi2 som duo i Førde er eldre enn som so, men denne tidsrekninga er frå då Agnar kom med som gitarist. Før det spilte Almar Bruland gitar i lag med Einar.

1995 reiste Vi2 til Finnmark på turne og gjorde spelejobbar i Kjøllefjord, Vadsø, og Tana. I tillegg fikk dei spele i Njourgam i Finnland og Piteå i Sverige, så det vart ein "skikkeleg" Norden-turne. Høsten '97 fekk dei og ta turen til Svalbard, og spelte tre kveldar i Barents Pub på Svalbard Polar hotell. Ellers har det vore spelingar på stort sett kvart eit nes og øy i Sogn og Fjordane, med nokre avstikkarar til nabofylka. Ein halvtime på Karl Johan også... tok inn nok til kvar sin 1/2-liter:-) Mange bryllup har det blitt og dei er komne ut av tellinga, men 100 er passert. Dei menger seg litt med andre musikarar og, og tar av og til og samlar eit band: ViMenn.

Booking: 917 76 667, Einar Jakobsen eller 917 16 016, Agnar Gjelsvik.

         

agmp.no