vimenn

agmp.no

ViMenn

Agnar Gjelsvik, Gitar og sang

Einar Jakobsen  Keyboard, trekkspel, gitar og sang

Ole Martin Frimannslund   trommer

Torgrim Rødvik  Bass og sang

BOOKING

91 77 66 67 Einar

post@agmp.no


ViMenn vart starta ein laurdagsettermiddag i Askvoll i 2000, som eit prosjekt litt for moro. Musikalsk leverer dei ei blanding av repetoaret til  Vi2 pluss ein del artige låtar som "må" vere med. Dire Straits, Åge Aleksandersen, Clapton, Sting, Pink Floyd, Stevie Ray Vaughan, Bjørn  Eidsvåg, Evert taube, ja, ei herleg blanding. Felles for alt er at det går veldig fint an å danse til dette, og at det blir levert med godt humør. At gjengen har langt over 100 års erfaring, mest uten synlege varige men, er og eit godt tegn.


Utgangspunktet var duoen Vi2, med Agnar Gjelsvik og Einar Jakobsen ,og deira behov for å rocke litt med ordentlige trommeslagar og bassist. Ole-Martin Frimannslund og Torgrim Rødvik vart førespurde om deltaking, og takka ja. Ein spelejobb vart booka i Askvoll, og gjengen reiste tidleg avgarde for å rigge og øve. Første spillejobben vart lang... 3 timar med øving, litt middagskvile, så minst like mange timar speling.


Tilbake etter "langtidspermisjon" er orginalbassist Torgrim Rødvik (Gilbeys, Honndalen Soul og Funkarlag). Torgrim har hatt nokre friår frå livet som hobbymusikar, men har vore i boda og leita fram den flotte bassgitaren sin og er med for fullt.


Ole Martin Frimannslund frå Davik/Florø er fast trommis og har vore med frå starten. Ole M er ein erfaren trommis og har spelt i blant anna følgande konstellasjonar: Daddy, Free man in Paris, Florarevyen og Sogn og Fjordane Teater. I tillegg har han opptrådt med namn som Wenche Foss, Bjørn Jenssen, Harald Heide Steen jr, Janove Ottesen m.fl.


Takk til dyktige vkarar/innbytarane: Kjell Holko og Roger Pettersen, bass, samt Åge Nygård og Arild Brandshaug, trommer.


Copyright  © All Rights Reserved