vimenn

ViMenn

Agnar Gjelsvik, Gitar og sang

Einar Jakobsen  Keyboard, trekkspel, gitar og sang

Ole Martin Frimannslund   trommer

Torgrim Rødvik  Bass og sang

BOOKING

91 77 66 67 Einar

post@agmp.no


ViMenn vart starta ein laurdagsettermiddag i Askvoll i 2000, som eit musikalsk prosjekt sånn litt for moro. Musikalsk leveres det ei lett blanding av ulike sjangre, med tankt det går å danse til og med humør. Dire Straits, Creedence, Postgirobygget, Honndalen Soul og Funkarlag, Åge Aleksandersen, Clapton, Sting, Pink Floyd, Stevie Ray Vaughan, Bjørn Eidsvåg, Evert taube, ja, ei herleg blanding. Gjengen har lang erfaring for å spele på ulike arrangement, frå festival til bryllup, og prøver tilpasse seg etter ønsker frå publikum. Arrangement som dei har vore med på er Kirkenesdagane, Sæbø-dagane, Sunnfjord vinterfest, Eikefjorddagane, Truck’n’Trøkk, og utallige julebord... Dei var også på scena som backingband då den amerikanske Wendel Adkins vitja Førde i 2015. 

 

Utgangspunktet var duoen Vi2, med Agnar Gjelsvik og Einar Jakobsen ,og deira behov for å rocke litt med ordentlige trommeslagar og bassist. Ole-Martin Frimannslund og Torgrim Rødvik vart førespurde om deltaking, og takka ja. Ein spelejobb vart booka i Askvoll, og gjengen reiste tidleg avgarde for å rigge og øve. Første spillejobben vart lang... 3 timar med øving, litt middagskvile, så minst like mange timar speling. Det gav meirsmak.

 

Bassist er Torgrim Rødvik , kjent frå Honndalen Soul og Funkarlag, og mange år med  i dansebandet Gilbeys.

 

Ole Martin Frimannslund frå Davik/Florø er fast trommis og har vore med frå starten. Ole M er ein erfaren trommis og har spelt i blant anna følgande konstellasjonar: Daddy, Free man in Paris, Florarevyen og Sogn og Fjordane Teater. I tillegg har han opptrådt med namn som Wenche Foss, Bjørn Jenssen, Harald Heide Steen jr, Janove Ottesen m.fl.